NP-2015-HR-1
| Rettskraftig avgjørelse ved domstol | Høyesterett |
| Dato | 15.01.2015 |
| Ved henvisning | HR-2015-86-U / Rt-2015-40 / NP-2015-HR-1 (Norpark-intern henvisning) / (Populærnavn) |
| Stikkord | Stikkord |
| Sammendrag | Enstemmig |
| Saksgang | Høyesterett HR-2015-86-U |
Saka gjeld lovtolking hos lagmannsretten i sak om parkeringsgebyr.
A vart 3. august 2013 gitt parkeringsgebyr på 500 kroner. A klaga fånyttes til Bymiljøetaten over gebyret.
A klaga gebyret inn for Oslo tingrett, som 16. juli 2014 gav orskurd med slik slutning:
1. Klagen forkastes.
2. A, født *.*.1966, dømmes til innen to uker fra forkynning av denne kjennelsen å betale 1 000 ettusen - kroner i sakskostnader til Oslo kommune Bymiljøetaten"
A anka orskurden til Borgarting lagmannsrett, som 21. oktober 2014 gav orskurd med slik slutning:
1. Anken forkastes.
2. A, født *.*.1966, dømmes til å betale 1 375 -ettusentrehundreogsyttifem - kroner i saksomkostninger for lagmannsretten til Oslo Kommune Bymiljøetaten innen 2 - to - uker etter forkynnelsen av denne kjennelsen."
A har anka vidare til Høgsterett. Det er gjort gjeldande at lagmannsretten har tolka trafikkreglane feil. Det er ikkje heimel for å gi gebyr for parkering 1,4 meter frå ei utkøyring frå ein offentleg parkeringsplass, der det er parkert på ein veg som dannar tverrstreken i eit T kryss. A har sett fram påstand om at vedtaket om gebyr blir oppheva og at gebyret blir betalt tilbake med renter. Han har kravd seg tilkjend sakskostnader.
Oslo Kommune har gjort gjeldande at anken ikkje har noko å seie utanfor saka no, og at anken derfor bør avvisast etter straffeprosesslova § 388 andre ledd. Kommunen er elles einig med lagmannsretten når det gjeld lovtolkinga. Påstanden frå kommunen er prinsipalt at anken blir avvvist og subsidiært at den blir forkasta. I tillegg er det kravd sakskostnader.
Høgsteretts ankeutval viser til at det ligg føre ei vidare anke, der kompetansen for utvalet er avgrensa etter straffeprosesslova § 388. Anken gjeld lovtolkinga, som utvalet kan prøve.
agmannsretten har lagt til grunn, og dette var heller ikkje omtvista, at A sin bil stod parkert 1,4 meter frå utkøyringa frå Trondheimsveien p-plass til Knut Alvssons vei, på same vegsida i vegen som utkøyringa munnar ut i. Utkøyringa frå parkeringsplassen utgjer saman med Knut Alvssons vei eit vegkryss, jf. trafikkreglane § 1 nr. 1 bokstav a og b, jf. Rt. 1997 side 492.
Spørsmålet i saka for Høgsterett er korleis trafikkreglane § 17 nr. 1 bokstav b skal forståast. Føresegna lyder slik:
Det er forbudt å stanse
a) …
b) i vegkryss eller nærmere enn 5 meter fra vegkrysset. Avstanden regnes fra det punkt hvor fortaukant, kantlinje eller vegkant begynner å runde, … ."
I lagmannsrettens orskurd heiter det:
“Trafikkreglene § 17 nr. 1 bokstav b har fastsatt at det er forbudt å stanse i selve veikrysset og fem meter fra dette. Avstanden regnes fra det punkt hvor fortauskant, kantlinje eller veikant begynner å runde. Lagmannsretten legger i likhet med tingretten til grunn at det ikke forelå noen avrundet kant, men at krysset ifølge de framlagte fotografier mer har karakter av et T-kryss. Om en slik situasjon heter det i Engstrøm (red.) op. cit. side 691:
Der hvor to veger danner et kryss i form av et T-kryss, utgjør "tverrstreken" i T-en også en del av krysset slik at forbudet mot stans etter bokstav b også gjelder for denne delen av vegsiden.
Det kan etter dette ikke være tvilsomt at A stod parkert i strid med trafikkreglene § 17 nr. 1 bokstav b. Bilen var som nevnt parkert 1,4 meter fra krysset, det vil si klart innenfor grensen på fem meter fra krysset. Denne saken reiser ingen måletekniske problemer.”
Utvalet sluttar seg til det synet på lova som lagmannsretten har lagt til grunn. Det er altså ulovleg å stanse i sjølve vegkrysset. I tillegg er det ulovleg å stanse nærare krysset enn 5 meter frå vegkrysset på den sida som har ein fortauskant, kantlinje eller vegkant som rundar. Om det er ein runding i eigentleg meining eller om det er ein meir skarp overgang, har innverknad på startpunktet for målinga av 5 meter, men endrar ikkje på det prinsipielle utgangspunktet. Føremålet med regelen om 5 meters forbod mot stans er å sikre fri sikt i eit kryss. Det er i saka no tale om ein parkeringsplass, der det godt kan tenkjast at det ikkje er så avgjerande med slik frisikt. Men regelen gjeld allment for T-kryss, og det er då openbert at dei same krava til avstand og sikt ved innpåkøyring frå “foten” i T-en må gjelde som ved kryss elles.
Anken må etter dette forkastast. Kommunen må tilkjennast sakskostnader også for Høgsterett. Beløpet blir sett til 1 100 kroner i samsvar med oppgåve.
Orskurden er samrøystes.
S L U T N I N G:
1. Anken blir forkasta.
2. I sakskostnader for Høgsterett betaler A til Oslo kommune 1 100 – eittuseneitthundre – kroner innan 2 – to – veker frå forkynninga av denne orskurden.